Vellukka Strandatur

Postet av Sykkylven Rideklubb den 14. Jul 2015

1-12. juli arrangerte Stranda ride-og køyreklubb utvida klubbstevne på Svemorka. Sykkylven rideklubb vart godt representert med Emilie Kalstad på Lilly og Karolina Prochniak på både Carmina, Olicordia og Deja Vu.
Laurdagen var det dressur, her deltok Emilie og Lilly i LC:1 med heile 54,348%, og i LB:1 med 45,833%. Karolina tok ein 2.plass i LA:1 med Olicordia med 64,643%, og ein 4.plass på Deja Vu med 55,714%. Flotte resultat!
På søndagen var det sprang, her deltok Emilie og Lilly i 60 med ein clear round i 2.omgang, ein 1.plass i 60 cm(feil og stil) og ein 3.plass i 70 cm(feil og stil).
I 90 og 100 cm fekk Karolina like plasseringar. Deja Vu stakk av med begge 1.premiane, medan Carmina kom på 3. plass. Som dommaren sa, rolege og kontrollerte ridevegar lønnar seg som regel.
Vi gratulerer med gode resultat!!




Emilie og Lilly som vinnarar i 60 cm feil og stil.







Karolina og Deja Vu




Karolina og Carmina




Stine Korsedal(STRK, trener for SYRK) og Dalilah







Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Sykkylven Rideklubb

Beitetid!

Beitetid!

30.06.2015

Treningsstevne

Treningsstevne

29.06.2015

Rebusløp!

Rebusløp!

11.06.2015

Hundeidvikcup!

Hundeidvikcup!

11.06.2015